Talking about running in Norwegian (Subtitles in Norwegian and English)

Heihei!
I denne episoden så tenkte eg å snakke litt om springing.
For akkurat no så har eg skifta til treningsklede
Og gjer meg klar til å gå ut, få kroppen litt i gang, få hjarta til å pumpa
Og blodet til å brusa rundt i kroppen
Men før det tenkte eg berre at me kunne snakka litt om springing på norsk
For eg er veldig glad i å springa.
Eg synes det er kjekt å springa
Liksom den der følelsen av å pressa seg sjølv
Men kanskje også den der enormt gode følelsen etterpå
For når eg flytta til Trondheim, det var eigentleg då eg byrja skikkeleg med springing.
Eg meldte meg inn i student på ein måte springeklubben eller friidrettsklubben
Der det var fleire springeøkter i veka.
Og då var det liksom
hadde eg nokre faste økter i veka, det var veldig måndag, onsdag og fredag
Der det var forskjellige springeøkter
På måndagen var det ei lang økt der me sprang ein time
Eg sprang på den gruppa som sprang tolv kilometer.
Også på onsdagen var det intervallar på bane på haust og på våren
På vinteren så gjekk det ikkje for då var det så mykje snø rundt omkring.
Så då var det i ein innehall
Også på fredagen så er det bakkeintervallar.
Ja, bakkeintervallar, det gjer vondt. Og det er plenty med bakkar her i Trondheim.
Også pleidde eg å springa litt i helga eller litt imellom dei øktene også.
Så det blei veldig mange sånne springeøkter i veka når eg flytta her til Trondheim
For når eg var heima, spelte eg mest fotball.
Då var det fotball det gjekk i. Det er jo nok av springing i fotball også.
Men det var litt kjekt å berre prøva seg på springinga då
Og faktisk pressa seg litt og sjå kor god…
korleis ein kan bygga kondisen opp til eit bra nivå.
Og no, og akkurat no synes eg det er kjekkast med intervallar.
Eg synes det er litt kjedeleg med langøkter der ein berre spring framover i det same tempoet.
Det blir liksom litt kjedeleg.
Mens når det er liksom meir av og på, der ein liksom når det er på, då er det verkeleg på.
Då er det dundra laust.
Og ein spurtar framover liksom.
Og gjer det kanskje fem-, seks-, sju-, åttehundre meter.
Før ein har ein pause.
Eit minutt, to minutt, tre minutt, fire minutt, eg har til og med vert med på åtta minutts pausar.
Det er avhenger sjølvsagt litt av økta.